Quantcast
Channel: Elise Cathrin » inspo
Viewing all articles
Browse latest Browse all 5

Det Nye

$
0
0

Heeeei, sorry for at det har gått så ekstremt lenge sidan forrige innlegg. Er bare helt oppslukt av opera i hovudet mitt (premiere i morgon, omfg). Men eg leve enno, og skal bli flinkare, eg lovaaaa. Dagane går liksom så raskt og så sakte å ein gong! Skuleåret e 10% ferdig allereie, vi har veldig få prøver i år, operaen er snart over, så er det musikal, så er det russetid, så er det eksamen, og vgs er ferdig. Herrefred. Men ja, over til noko litt anna!

 photo detnye_zps8343c764.jpg

Kan vi alle berre ta eit augneblink til å setje pris på dette bladet? Etter at norske Cosmopolitan la ned, har dette vore livreddaren min. Det har alt, mykje mote, tips, og intervju som er heilt ut av det vanlege. Desse reportarane er helt galne; dei har overnatta med Henrik Thodesen, bedt OnklP dra ned buksa … (han gjorde ikkje det, da). Eg er avhengig av blad, og sidan eg er relativt blakk dagleg, er det kjempegreit å kunne abonnere såpass billig på blad.

Eg valde abonnementet som inkluderer 5 nummer + 9 sminkekoster frå Makeup Mekka, og eg er så fornøøøøgd! Trengte virkelig nye sminkekoster, så det passa meg kjempefint. Bestevenninna mi Malin har og nettopp bestilt bladet, men ho valde veska som ein kan få med. Så ja, superbra tilbud! Alle mulige tilbud ligg tilgjengelige på bladkongen.no, og DET NYE finn du HER. Gleder meg til å bli student med stipend på meir enn 3661 kroner i månaden og kunne abonnere på fleire blad. Spesielt interiørblad til neste år, reiser og livsstilsblad. Og kanskje treningsblad som Shape Up (haha, neida, vi veit alle at eg ikkje klarer å forplikte meg til trening på noko vis).

Anyways, ha ein suuuuper dag folkens, så snakkas vi seinare! Før ein måned har gått denne gongen, eg lover.



Viewing all articles
Browse latest Browse all 5

Latest Images